Håkon Gullvåg stiller ut saman med kinesiske Zhang Dan under Peer Gynt-stemnet
Håkon Gullvåg jobber mot Kina og turne der i 2010-2011.
”Jeg synes det er veldig spennende å stille ut i Norge sammen med en ung lovende kunstner fra Kina som har berørt Ibsen og Peer Gynt” seier Håkon Gullvåg.
Under årets Peer Gynt-stemne stiller Zhang Dan ut etsingar med motiv av Ibsen og frå Peer Gynt og En folkefiende. Håkon Gullvåg har med ein ny serie grafiske trykk av Peer Gynt, og nye Ibsen portrett.
”Vi er glade for at Peer Gynt-stemnet får muligheten til å vera ein arena for introduksjon av dyktige utenlandske kunstnarar. Det er svært interessant at ein kunstnar langt nord i Kina har oppdaga Ibsen - det blir spennande å sjå hans tolkningar”, seier Svein Sturla Hungnes, kunstnerisk leder i Peer Gynt as.
Zhang Dan er ein anerkjent og etablert billedkunstnar i Kina, og dette er fyrste gongen han stiller ut i Europa. Han er lærar ved kunstakademiet i Shenyang, og har tidlegare vore utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Håkon Gullvåg har hatt ein sentral plass på den norske kunstscena sidan sitt kunstneriske gjennombrot ved Galleri Dobloug i 1983, og er kjøpt inn av ei rekkje sentrale institusjonar. Han har stor anerkjennelse for sine mange portrett av markante personar i Noreg, og er ein av landets fremste innan kyrkekunst. Under Peer Gynt-stemnet 2006 stilte Gullvåg ut sine Ibsen-portrett.
Årets Peer Gynt-utstilling er i Peer Gynt Huset på Vinstra.
Offisiell opning skjer torsdag 29. juli kl. 12.00, og utstillinga er open 29. juli – 7. august kl. 11.00 – 17.00.
Sjå oversikt over tidlegare Peer GYnt-kunstnarar her.
Den kinesiske kunstnaren Zhang Dan og hans tolkning av Dovregubbens Hall:



