Øyvind Berghs Minnepris tildeles Alexander Aga Røynstrand under konserten Ved Rondane
Øyvind Berghs minnepris har vore delt ut til unge og lovande felespelarar under Peer Gynt-stemnet heilt sida 1989, og tidlegare prisvinnarar er m.a. Anbjørg Lien, Ola Kvernberg, Arve Moen Bergset og Elise Båtnes. Fleire av aktørane i årets Ved Rondane-konsert er også tidligare vinnarar – både Øystein Rudi og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing har motteke prisen. Prisen er eit samarbeid mellom familien Bergh, Folkemusikk og Folkedansorganisasjonen, og Peer Gynt Aas. Prisvinnaren mottek kr. 25.000,-
Alexander Aga Røynstrand er 20 år, og har spelt fele sidan han var 7 år. Han har deltatt på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre gjevaste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre, og han har rukke å vere lærarvikar i kulturskulane på Voss, i Ulvik, Granvin og Seljord. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har tatt eit år med høgskuleutdanning i folkemusikk på Rauland. Til hausten startar han på Ole Bull akademiet på Voss. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Strond, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også sjølv, friare, men godt forankra i tradisjonen.
Randi Skeie deler ut prisen under høgfjellskonserten Ved Rondane på vegne av familien Bergh, Folkemusikk og Folkedansorganisasjonen og Peer Gynt as. Ho er Folkemusikk og Folkedansorganisasjonen sin representant i juryen, og har tidligare vore leiar i Landslaget for Spelemenn.
Prisen blir delt ut under høgfjellskonserten Ved Rondane søndag 1.august under Peer Gynt-stemnet, i storslåtte omgivelser og Rondane som bakteppe. Konserten har ein årleg publikumsoppslutning på rundt to tusen. Dette er fyrste gongen prisen blir delt ut under høfjellskonserten Ved Rondane. Ekstra stas er det at også fleire av aktørane i årets Rondane-konsert har motteke Minneprisen tidlegare – både Øystein Rudi, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing (solistar i konserten) er tidlegare prisvinnare!
Årets høgfjellskonsert Ved Rondane veks ut av naturens eigne lydar. Vi viskar ut grensane mellom genrar og byr på ei forestilling med sterke krefter som m.a. Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Kvarts, Birger Mistereggen, Silvia Moi og Terje Isungset. Ellen Horn fører oss trygt ”slott over slått”, som konsertens konferansier.
Les omtale av pristildelinga i Avisa Hordaland og GD.
Bestill billett til høgfjellskonserten Ved Rondane her eller ved å ringe Billettservice på tel. 815 33 133.

