Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Fotturar i samarbeid med DNT

28.05.2010
Den Norske Turistforening og Peer Gynt har inngått samarbeid for å få publikum ut i naturen og i den rette stemninga for å oppleva forestillingane våre. Alle turane er med turleder frå DNT Gudbrandsdalen.

VALSFJELL RUNDT
Torsdag 29. juli og torsdag 4. august
Ein triveleg vandretur opp på Valsfjell med flott utsikt mot Rondane og Jotunheimen. Turen går opp alpintraseen til toppen av Valsfjell, vidare rundt kanten av fjellet med nedstigning til Valseter/Solbråseter og tilbake setervegen til parkeringsplassen. Flott utsikt til Rondane og Jotunheimen samt dei gamle seterstulane i området. Ca. 4 timar. Middels krevjande tur.

Turleder: 29/7: Cato Zahl Pedersen og 4/8: Arne Hernæs
Påmelding til / tlf. 959 00 770, seinast dagen før
Oppmøte: Friluftscena, Gålåvatnet kl. 12.00
Turen er gratis

BESSEGGGEN
Mandag 2. august
...ditt eige bukkeritt
Turen går med båten ”Gjendine” frå Gjendesheim til Memurubu og derfrå til fots opp og over Besseggen og Veslefjellet og ned til Gjendesheim, ca. 800 m stigning/nedstigning med storsteina ur over sjølve Besseggen.
Turen er relativt krevjande og tek 6-7 timar.

Turleder: Sverre Sørumgard, tlf. 977 00 604
Påmelding til / SMS til 977 00 604, seinast 31/7 pga båtbestilling.
Oppmøte: Brygga v/Gjendeosen. Båten går kl 09.45 (Møt fram i god tid for å få plass på båten!!)
Billett: Turen er gratis, men ein må kjøpe billett på båten (kr. 100,-/50,-)

PILEGRIMSLEDEN
Tysdag 3. august
 
Ei roleg vandring i eit av dei mest unike kulturlandskapa i Noreg. Høyr historia om Dale-Gudbrand frå Snorres saga. Turen går delvis høgt over bygda med fantastisk utsikt over dalen.
Lengde ca. 8 km, relativt lett tur.

Turleder: Knut Kjorstad, tlf. 952 21 550 ev. Gry Ramstad tlf. 996 22 959
Påmelding til / SMS til turleder, seinast dagen før
Oppmøte: Dale Gudbrands gard kl. 10.00
Turen er gratis.

TOPPTUR TIL STORRONDEN
Laurdag 7. august

”Inne i Ronden har far min sitt slott”
I år er det sjølvaste Storronden som skal bestiges (2138 moh). Dette er ein skikkeleg fjelltur til ein av 2000-meter-toppane i Rondane. Til Rondvassbu kjem ein frå parkeringsplassen ved Spranget til fots eller med sykkel, ca. 6 km. Det er sykkelutleige ved Spranget. Det er mogleg å dra inn til Rondvassbu kvelden før og overnatte på turisthytta. Turen følgjer merka stig frå Rondvassbu til toppen, ca 1000 m stigning. På alle toppane i Rondane er det mykje stein.

Turleder: Petter Kittelsen tlf. 95 74 91 52
Påmelding til / SMS til turleder, seinast dagen før
Oppmøte: P-plassen på Mysuseter kl 09.00 (for syklistar er oppmøte kl. 09.30)
Turen er gratis.

GRÅHØ
Søndag 8. august
Vi tek deg med dit den lokale Per Gynt jakta og fiska! Fottur til toppen av Gråhø, 1.431 moh. Lett tur og flott utsikt, men noko stein mot toppen. Ca. 3 timar inkl. pause. 
Turen passar fint etter Seterstemnet.

Turleder: Ingrid Kvernes tlf. 951 63 567
Påmelding: Innan dagen før, post(a)peergynt.no / sms eller turleder
Frammøte: Parkeringa ved Krøkla på Sødorpfjellet kl. 14.00 eller felles avreise frå Seterstemnet.
Turen er gratis.

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line