DNT og Peer Gynt-stemnet vil trekke folk ut til kultur- og naturopplevingar
Den Norske Tursitforening (DNT) og Peer Gynt as har signert ei to-års avtale som gir medlemsrabatt på 10% til DNT-medlemmar på billettar til Peer Gynt ved Gålåvatnet, TidarÅ og Ved Rondane under Peer Gynt-stemnet. Avtala gir Peer Gynt as mulighet til å marknadsføre sine produksjonar til DNT sine 232.000 medlemmar.
Peer Gynt-stemnet ligg midt i hjertet for turar i Jotunheimen og Rondane. Sommarens fjelltur må kombinerast med Peer Gynt ved Gålåvanet og omvendt. Saman vil vi ha folk ut på tur til unike opplevingar.
- DNT er ein strategisk viktig samarbeidspartnar for oss, med felles verdigrunnlag og naturen som arena for den god opplevinga hos begge” seier Eli Blakstad, administrerende direktør i Peer Gynt as.
- I prosessen med DNT har vi møtt ein levande organisasjon med gode verdiar, både sentralt og lokalt i DNT Gudbrandsdalen. Vi gler oss til å kunne samarbeide med dei framover. DNT Gudbrandsdalen inviterar til fleire turar under Peer Gynt-stemnet, og på desse turane vil lokal kjentmann vera med som turguide.
"Kul tur i naturen - Peer på tur med DNT" - Les artikkelen i Dølen her
Les meir om DNT sine turar under Peer Gynt-stemnet her.
For å bestile billettar med DNT-rabatt, ring Peer Gynt as på tel. 959 00 770 eller send e-post til

