Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Nummererte amfi - jo før du bestillar billett, dess betre plass får du!

25.06.2010
Det er nummerert amfi både ved Gålåvatnet og i Fryajuvet, på konserten Ved Rondane får dei som har bestilt billett på førehand sitte lengst fram, og på fleire av turane er det begrensa antal plassar. Så jo før du bestillar billett, dess betre plass får du!

Peer Gynt ved Gålåvatnet
Nummerert amfi. Ledige billettar alle kveldar unntatt 7. august, og relativt få plassar den 31. juli.

TidarÅ
Nummerert amfi. Ledige billettar alle kveldar, men det er berre 700 plassar i amfiet, så her er fleire kveldar i ferd med å fyllast opp.

Ved Rondane
Naturleg amfi - publikum sitt i lyngen i skrå helling ned mot scena. Alle som kjøper billett på førehand, får sitte på eigen sone lengst fram mot scena.

Turar i naturen
Det er plassbegrensing på fleire av turane. Så om du vil sikre deg plass, anbefaler vi påmelding.

Anitras Lounge
Berre 180 plassar kvar kveld (under 10% av kapasiteten i amfiet ved Gålåvatnet), så om du ønskjer ei marokkansk matoppleving før Peer Gynt ved Gålåvatnet er det lurt å reservere bord. Til nattmaten og i pausa er det ikkje bordbestilling.

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line