Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Peer Gynt på Miniøya

2.07.2010
Laurdag 26. og søndag 27. juni var vi på Miniøya barnefestival i Tøyenparken i Oslo. Der fekk ungane høyre meir om Peer Gynt - og alle som ville det kunne bli sminka til dovretroll!

Miniøya vart arrangert for fyrste gong i år, med over 8000 besøkande og eit fantastisk program på scena og engasjerande aktivitetar!

Under årets Peer Gynt-stemne har vi mange turar for ungar - les meir om Peer Gynt for ungar her

I "Dovregubbens sminkehall" vart ungane sminka som dovretroll - og det vart mange tøffe dovretroll å sjå i løpet av helga!

Vi hadde og ei forestillling på scena, der forteljaren hadde med seg tre koffertar med eventyr; Prinsessa som ingen kunne målbinde, Dei tre bukkane Bruse og Peer Gynt i Dovregubbens hall. Forestillinga engasjerte stort - og alle ungane som hadde lyst fekk bli med på scena og vera dovretroll!

Her kan du sjå nokre av Dovretrolla som vart sminka i Dovregubbens sminkehall:

Dovregubbens sminkehall Miniøya
Nora og Tea, saman med "sminketrolla" Sara og Thea

Under her ser du bilder av dovretrolla Julie, Filippa, Eira, Nora, Mathilde og Emilie.

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line