KUL TUR i Fryajuvet
Slik beskriv avisa Dølen Kul Tur - ein av årets nyskapingar under Peer Gynt-stemnet. Turen er ei utforsking av området rundt den spektakulære arenaen Fryajuvet der TidarÅ framførast. Det startar med traktorskyss, og går gjennom bonderomantisk landskap og langs den majestetiske elva ned til Fryajuvet. Marita Aanekre er turleiar, og på turen treffer ein og Morten Fagerli og FRIKAR og TidarÅ-koreograf Hallgrim Hansegård.
Turleiar Marita Aanekre har hatt med Dølen på den nye turen, og sjølv om turen er kul passar den dei fleste: "Ønsket mitt er å skape ein tur der alle etterpå kan tenkje at "dette var noko for meg". Men det skal vera ein "kul tur" da, så at ein får inn nokre element som gjer at folk tenkjer at "Wow! I fjor turte eg ikkje dette, men i år kasta eg meg ut i det". Dette er jo ikkje for oldemor. Men bestemor kan sikkert vera med!", seier Marita til Dølen.
"Siste delen på turen er den kulaste, og alle må ikkje gå den. - Men skal du ha med wowfaktoren, og få ein verkeleg Kult Tur i Fryajuvet, bør du gå heile vegen - det anbefalast!" skriv journalisten Bjørn Sletten i Dølen.
Les heile artikkelen i Dølen her.
Med Hallgrim Hansegård, Marita Aanekre og Morten Fagerli
TID:
31. juli, 5., 6. og 7. aug. kl. 14.00
OPPMØTE:
P-plassen ved Fryabrua
PRIS:
120,- (v)
BILLETT:
Kun 50 plassar, billettbestilling anbefalast. Billettar kjøpast her eller ved å ringe tel. 959 00 770.

