Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Zhang Dan (Kina) og Håkon Gullvåg er årets Peer Gynt-utstillere. (Foto: Arne Hernæs)

Håkon Gullvåg stiller ut saman med kinesiske Zhang Dan under Peer Gynt-stemnet

29.07.2010
Årets Peer Gynt-utstilling opna i dag. Utstillinga er eit møte aust og vest, mellom Håkon Gullvåg og den anerkjente kinesiske kunstnaren Zhang Dan. Begge kunstnarane har henta inspirasjon frå Henrik Ibsen og Peer Gynt.

Under årets Peer Gynt-stemne stiller Zhang Dan ut etsingar med Ibsen og motiv frå Peer Gynt og En Folkefiende. Håkon Gullvåg har med nye Ibsenportrett og ein serie grafiske trykk av Peer Gynt. Håkon Gullvåg skal ha turne i Kina i år og neste år.

-  Eg tykjer det er spennande å stille ut i Norge saman med ein ung lovande kunstnar frå Kina som har berørt Ibsen og Peer Gynt, seier Håkon Gullvåg.

Håkon Gullvåg har hatt ein sentral plass på den norske kunstscena etter sitt kunstnariske gjennombrot ved Galleri Dobloug i 1983, og er kjøpt inn av ein rekke institusjonar. Han har stor anerkjenning for sine mange portrett av markante personar i Norge, og er ein av landets fremste innan kyrkjekunst.
Zhang Dan er en godt etablert billedkunstnar i Kina, og dette er fyrte gong han stiller ut i Europa. Han er lærar ved kunstakademiet i Shenyang, og har tidlegare vore utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo.

- Vi er glad for at Peer Gynt-stemnet får mogelegheiten til å vere ein arena for introduksjon av dyktige utanlandske kunstnarar.  Det er svært interessant at ein kunstnar langt nord i Kina har oppdaga Ibsen. Det er spennande å ssjå hans tolkninger, seier kustnerisk leiar Svein Sturla Hungnes i Peer Gynt as.
 
STAD: Peer Gynt Huset, Vinstra
TID: Offisiell opning torsdag 29. juli kl. 12.00, og utstillinga er open 29. juli – 7. august kl. 11.00 – 17.00.
INNGANG: kr. 40,-

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line