Siste sjanse for å sjå TidarÅ - kun ledig billettar 5. august!
GD skriv at publikum får oppleve halsbrekkjande dansestunt i Fryajuvet under forestillinga TidarÅ - "Midt under showet tek dansaren Sudesh Adana sats og sleng seg utfor Fryajuvet. Ned til den fossande elva er det minst 30 meter og det einaste han har å halde seg til er ei snor. Halsbrekkjande ser det iallfall ut til å vere, og det var fleire blant publikum som hadde hjartet i halsen". Sjå omtale og flotte bilder frå TidarÅ i GD >>
Premieredagen er fredag 30. juli, og dei profesjonelle aktørane er nå innlosjert på Pyntaberget under Peer Gynt-stemnet. Det er mange utfordringar for koreograf Hallgrim Hansegård og musiker Andreas Ljones når ein skal kombinere dansestilar som tradisjonell dans, break, samtid og capoeira i lag med folkemusikk, og adrenalin nivået er høgt! GD skriv at "Småregnet som kom gjorde det glatt på scena. Dette stoppa ikkje dansarane frå å gjere halsbrekkjande stunt på scena. Utover den største scena samlar tre dansarar seg ute i vatnet på nokre pålar. Her tek dei baklengs salto, samtidig som dei sparkar av ein hatt frå ein pinne.
TidarÅ er ei forestilling som tek i bruk heile området rundt scena til dans og akrobatikk, og både fossen og dei bratte bergveggane er hyppig brukt. Det er rigga opp fleire tonn med lyd og lysutstyr, blant anna ei lampe som skal fungere som ”sol”. Dette er Ibsens ”Peer Gynt” i eit nytt format, eit eventyr fylt med vatn, eld og lydar av natur!
Christer Cornell (kjent frå ”Skal vi danse” på TV2), er ein av aktørane som får eit kaldt møte med den dundrande elva i Bersveinshølen, og mens nokon går i vatnet, heng andre opp langs bergveggen!
Har du lyst på eit glimt frå TidarÅ? Da bør du sjekke ut denne videoen!
Det er framleis ledige billetatar til TidarÅ torsdag 5. august!
Kjøp billettar eller les meir om TidarÅ her.

