Er du forvirra over årets program? Fortvil ikkje!
Peer Gynt-stemnet 2010 er omfattande og tek i bruk fleire ulike arenaer. Dei tre viktigaste forestillingane er Peer Gynt ved Gålåvatnet, TidarÅ og høgfjellskonserten Ved Rondane, men det er ellers mykje aktivitet på dagtid. Nedanfor kjem det tre ulike alternativ, som kan passe for både store og små:
DAG 1 (Gålå-området):
Kl. 10.00
Start dagen kulturelt med Morgenstemning, med ulike aktørar kvar dag, som Hemsing-systrene, Arve Tellefsen eller Silvia Moi. Passer for liten og stor.
Kl.11.00
Etter litt kulturelt påfyll er det kjekt å røre litt på seg. Her kan dei vaksne dra på seterturen ”Til Selet” med eit besøk på Solbråsetra, mens borna kan utfolde seg i eventyrløypa ”Småtroll på tulletur”.
Obs: Ein kombinasjonsbillett innebær at du som vaksen får "Morgenstemning" og "Til Selet" for totalt 190,-. Ein kombinasjonsbillett for born, med "Morgenstemning" og "Småtroll på tulletur" får du for totalt 110,-.
Kl.12.00
Er du i god form, er det fleire moglegheiter til å kome seg ut i naturen. Torsdag 29.07 og onsdag 04.08 går turen rundt Valsfjellet, der Cato Zahl Pedersen er turleiar på torsdag.
Kl. 17.00
Etter all den mosjonen, kan det bli godt med ein marokkansk treretters middag i Anitras Lounge. Her sit du på ekte marokkanske møblar i vårt store telt ved friluftscena på Gålå.
Kl. 18.30
Få med deg introduksjonen ”På scenekanten” til forestillinga Peer Gynt ved Gålåvatnet, med ulike aktørar kvar dag, som blant anna Svein Sturla Hungnes og Andreas Ljones.
Kl. 19.30
Forestillinga Peer Gynt ved Gålåvatnet. Kan kombinerast med nattmat i Anitras Lounge.
DAG 2 (Vinstra-området):
Kl. 11.00
Få med deg handelsopptoget i Vinstra, eit arrangement i stasjonsparken (berre laurdag 31.07).
Kl. 12.00
Her kan dei vaksne gå på kunstutstillinga til Håkon Gullvåg og Zhang Dan i Peer Gynt Huset, mens dei mindre kan vera med på ”Tulle, teikne og kle seg ut”.
Kl. 13.00
Kjøp med deg lunsj i kafeen og få med deg ”Vi er tanker”, der ulike gjestar deler sine tanker om Peer, Per og andre tema. Her kan borna delta i ”Eventyr og skremmetur” med ulike aktørar som Ellen Horn og Rune Reksten.
Kl. 14.00
”I Støpeskjeen” kan du prøve deg sjølv. Dette blir ein heilt ufarleg kulturverkstad for stemmebruk, dans, tekst og teikning, med ulike instruktørar kvar dag.
Kl. 15.00-18.00
Er du svolten, kan du prøve ut Gynt middagen på Rudi gard, kvar dag før forestillinga Peer Gynt ved Gålåvatnet.
Kl. 20.00
Er du klar for ein livleg kveld , bør du få med deg ”Trekkspel og tullprat”, med lettbeint musikk, gjestar i sofaen og ope bar (berre laurdag 31.07).
DAG 3 (Frya/Ringebu området):
Kl. 11.00-14.00
Start dagen roleg med ein frokost/lunsj på Peer Gynt Huset på Vinstra.
Kl. 14.00
Ta nokre sjansar og opplev korleis det er å vera aktør i TidarÅ! Bli med på ein utforsking av juvet i Bersveinshølen, i KUL TUR.
Kl. 21.00
Møt opp og kjøp deg grillmat på garden Kvernflaten, rett ved parkeringa til TidarÅ.
Kl. 21.30
Få med deg introduksjonen til forestilling ”TidarÅ”, med koreograf Hallgrim Hansegård.
Kl. 22.45
Når mørket senkar seg over juvet, startar forestillinga ”TidarÅ”, ei fyrverkeri av dans og akrobatikk. Kos deg!
Framleis forvirra? Sjå ei oversikt over heile programmet her.

