Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

F.v. Marit Breivik (leder nominasjonskomiteen), Børge Zahl og Kai Zahl (Dissimilis), Eli Blakstad (Peer Gynt as). Foto: Rune Støstad

Peer Gynt-stemnet 2010 er i gang - Dissimilis fekk tildelt Peer Gynt-prisen

28.07.2010
Rundt 1000 personar møtte fram for å heidre årets Peer Gynt Dissimilis. Det skjedde under opningsforestillinga torsdag. I strålande sol kunne publikum sjå smakebitar både frå Peer Gynt ved Gålåvatnet, danseforestillinga Tidarå, høgfjellskonserten Ved Rondane og nysatsinga Morgonstemning.

Stemnet vart offisielt opna av Lubna Jaffrey Fjell (Statssekretør KKD). Årets Peer Gynt, Dissimilis, fekk overrekt Peer Gynt-statuetten av Karin Andersen på vegne av Stortingsrepresentantane.

- Dissimilis gjer noko som er utanom det vanlege, noko som er nyttig for samfunnet. Vi treng heltar og førebilete, folk som inspirerer og går framfor. Det gjer Dissimilis. Dei opnar både hjerte og sinn - og dei har gjeve mange mogelegheiten til å bruke talentet sitt, sa Andersen under utdelinga.

Dei neste ti dagane skal det gjennomførast nesten 100 arrangement under Peer Gynt-stemnet.  Mange av arrangementa er nye i år. Peer Gynt ved Gålåvatnet er hovudarrangementet.

Onsdag kveld var det og premiere på Peer Gynt ved Gålåvatnet.
- Vi følte at premiera gjekk veldig bra. Det var godt å kome i gang, og publikum ga mykje positiv respons. Nå gler vi oss til dei sju neste forestillingane, seier hovudrolleinnehavar Dennis Storhøi.

Fredag er det premiere på Tidarå og søndag er det høgfjellskonserten Ved Rondane på Kvamsfjellet. Kvar dag under Peer Gynt-stemnet er det mange spennande arrangement.

Sjå all medieomtale her >>

Her kan du sjå heile programmet

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line