Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Peer Gynt-Huset – ein møteplass på Vinstra

31.07.2010
Her på Vinstra skjer det mykje på dagtid, og det har vore mange innom oss i løpet av stemnets fyrste dagar. Her er det kunstutstilling kvar dag, og ”Vi er tanker”, ”I støpeskjeen” eller ulike barneaktivitetar enkelte dagar.

Peer Gynt-stemnet 2010 er i gang, og nå har det vore premiere på både Peer Gynt ved Gålåvatnet og danseforestillinga TidarÅ. Har du lyst og ledig tid, bør du stikke innom oss på dagtid i Peer Gynt-Huset på  Vinstra. Dei siste dagane har det vore mange folk her og stor aktivitet, og det sett vi pris på!  Her er det arrangement både for store og små, og dei fleste er gratis. Her kan du blant anna møte forfattar Edvard Hoem i ”Vi er tanker”, dansar Silje Onstad Hålien  i ”I støpeskjeen” ,  Rune Reksten i ”Eventyr og skremmetur”  eller Ellen Horn i  ”Tulle, teikne og kle seg ut”. Kvar dag har forskjellege aktørar og ei oversikt over programmet kan du sjå her >>.

Har du berre lyst til ein kopp kaffe og litt heimebaka kringle, kan du slå deg ned innandørs i sofaen eller utandørs i piazzaen. Peer Gynt-Huset er open kvar dag under stemnet, frå kl. 08.30 – 18.00. Her er det òg kunstutstilling med Håkon Gullvåg og Zhang Dan kvar dag under stemnet frå 11.00 – 18.00 (unntatt syndag 08.08).

 

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line