"Ved Rondane" - Gammal slager i ny utgåve
Kunstnerisk leiar i Peer Gynt as, Svein Sturla Hugnes har tatt nye grep på årets høgsfjellkonsert, og den klassiske konserten med Peer Gynt kammerorkester er nå historie. Mange var nok spente på årets variant, og i følgje GDs anmeldar Einar Almehagen vart dei ikkje skuffa. Fleire opplendingar deltok under årets konsert, som Ragnhild og Edlbjørg Hemsing, Hallgrim Hansegård frå Valdres, folkemusikkgruppa Kvarts og jazztalentet Magnus Bakken frå Lillehammer. Ellen Horn var konferansier. Sjå bileter frå konserten i GD >>
Alexander Aga Røynstrand (20) frå Granvin i Hardanger mottok Øivind Berghs minnepris. Prisen blir delt ut i samarbeid med Per Gynt-stemnet på Vinstra og går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken. Det er styret i FolkOrg, Peer Gynt as og etterkomarane etter Øivind Bergh som avgjer kven som får prisen på 25 000 kroner.
På høgfjellskonserten deltok mange internasjonale stjerner. Eit av høgdepunkta under høgfjellskonserten var samspelet mellom Kvarts og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, eit spennande møte mellom det klasiske og folkemusikken. Magnus Bakken fekk også prøve seg i samspel med Kvarts og den kjente musikaren Terje Isungset. Den anerkjente operasongaren Siliva Moi var også med på Kvamsfjellet, ho song ”Ved Rondane og ”Vuggevise” av Edvard Grieg.

