Aktiv under Peer Gynt-stemnet 2010!
Årets stemnet ynskjer å tilby fleire naturopplevingar, og bruke naturen enda meir aktivt enn tidligare år. Resultatet er eit samarbeid med Den Norske Turistforening, noko som betyr fleire tilbod for deg som kunde. Her kan du oppleve både Jotunheimen og Rondane, med gratis guida turar til blant anna Besseggen, Storronden og Valsfjellet. Tidligare vinnar av Peer Gynt-prisen, Cato Zahl Pedersen, har vore med som guide ein av dagane. Syndag er det tur til Gråhø kl. 14.00, etter seterstemnet.
I tillegg til DNT-turane, arrangerer vi i år eigne turar. Bildet over er frå ”Eventyr og skremmetur”, ein av våre gratis turar for born. I løpet av stemnet har mange vore med Rune Reksten eller Charlotte Frogner rundt på skremmetur i bygda, og spesielt morosamt er det viss ein har vore med på ”Tulle, teikne og kle seg ut” og vorte sminka som eit dovretroll før turen! For dei som vil til fjells, har det vore leike,- og rebusløype for born (Småtroll på tulletur) og ei kulturell setervandring innom Solbråsetra for dei litt eldre (”Til selet”).
Er du av den røffere typen, har vi laga ein KUL TUR, der du kan utforske arenaen som blir brukt under danseshowet TidarÅ. Her er det bratte fjellsider, ein buldrande foss og spennande utsikt for dei utan høgdeskrekk! Tør du? Sjå video frå Tidarå her >>

