Seterstemne på Sødorpfjellet søndag 8. august
Årets Seterstemnet byrjar klokka 11, og blir ein rundtur frå Brandvold setra, via Lillegård setra til Sulseter rideleir og fjellstue. Dette er lagt opp som ein familiedag, med underholdning for både gammal og ung. Seterstemnet har lenge vore ein del av Peer Gynt-stemnet, og det er med glede at det er på programmet att etter to års pause Undervegs blir det kulturelle innslag, gamle handverk og mattradisjonar, seterbesøk, hest og kjerre m.m..
Klokka 12.00 blir det utdeling på Brandvoldsetra av Vehl-Per prisen, som i år går til Bjørn Ulekleiv. Han har gjennom ein årrekkje vore ein av dei viktigste bidragsytarane til Peer Gynt-stemnet og Peer Gynt-satsinga, og det er ein glede å tildele han årets Vehl-Per 2010.
Seterstemnet har gratis inngang, og kan eventuelt kombinerast med ein fottur til Gråhø, som blir arrangert i samarbeid med DNT Gudbrandsdalen. Turen startar klokka 14.00, eller når seterstemnet er ferdig.
Velkommen til ein dag med mykje kos og hygge!
For eit meir detaljert program, sjå her.

