Du er her: peergynt.no > Stemnet > Siste nytt

Takk for i år - velkome att i 2011!

8.08.2010
Årets stemne har vore godt besøkt, dei nye produksjonane har gått bra og attendemeldingane frå publikum er gode. – Stemnet har ein unik posisjon i norsk kulturliv og vi håper at årets arrangement er med på å forsterke denne posisjonen, seier administrerande direktør Eli Blakstad i Peer Gynt as.

I løpet av 12 dagar er det gjennomført nesten 100 ulike arrangement. Nytt av året er fleire og nye kulturopplevingar i naturen.
- Med årets program er vi på bølgjelengde med vårt publikum. Vi har fått full uttelling for fleire kulturopplevingar i natur, seier kunstnarisk leiar Svein Sturla Hungnes.

Peer Gynt stemnet hadde eit godt besøk. Totalt har rundt 25.000 personar besøkt dei ulike arrangementa. Det er på same nivå som i fjor.
Peer Gynt ved Gålåvatnet er hovudarrangementet i stemnet. I år er programmet utvida med både morgonkonsertar, kulturelle setervandringar, eit nytt tursamarbeid med Den Norske Turistforening og fleire nye aktivitetar for barn og unge. 

- Vi er godt fornøgd med besøket, spesielt på dei nye satsingane. Dette inspirerer meg til å jobbe vidare med utvikling av kultur i natur, seier Svein Sturla Hungnes.

Arbeidet med Peer Gynt-stemnet 2011 er allereie i gang. Billettane for neste år blir lagt ut for sal 1. oktober.

Les medieomtale frå årets Peer Gynt-stemne her

Del gjerne dine opplevelser frå årets stemne med oss - og bli tilhenger - på vår Facebookside

Registrer deg her for å motta våre nyheitsbrev

Sponsorer
AF Gruppen Aftenposten Gudbrandsdal Energi Sparebank 1 Gudbrandsdal Color Line