Foreslå kandidat til årets Peer Gynt 2012 - frist 15. februar
Ibsens Peer er ein omsynslaus kapitalist og slavehandlar. Han lar alt og alle i stikken. Han vik unna alt sårt og kvast, valsar gjennom livet utan omsyn til noko – og trampar jordas gras til ingen nytte. Peer Gynt-prisen representerer altså alt det Peer ikkje er.
Heidersprisen - Årets Peer Gynt - vart stifta av Per Gynt-stemnet i 1971, med Einar Gerhardsen som fyrste prisvinnar. Sidan 1973 er det stortingsrepresentantane - etter initiativ frå den første prisvinnaren - som har valt årets Peer Gynt. Ein nominasjonskomité nominerar etter gitte kriterier tre kandidatar til prisen. Desse oversendast til stortingsrepresentantane for avstemming.
NO KAN DU FORESLÅ KANDIDATAR TIL ÅRETS PEER GYNT 2012 TIL NOMINASJONSKOMITEEN!
Slik registrerer du kandidaten: Skriv navnet på din kandidat i dette skjemaet.
Alle innkomne forslag vil bli overlevert nominasjonskomiteen.
Fristen for å foreslå kandidatar er 15. februar 2012.
Sjå kven som har vorte kåra til Årets Peer Gynt sidan starten i 1971 her

